155502

Vandtårnet

CD
Sold out
File under: 
Pop/Rock  ›  Folk  ›  Pling Plong  ›  Ambient & Drones

Label: 

CD: 

EAN: 

195497966011

Catalog number: 

MOT9CD

Release date: 

12.02.2021

Info: 

Dette er andre utgåve i Motvind Records sin serie for den spontane, plastiske musikken. Plastisitet handlar om å verte forma, modellert eller bøygd utan å briste.

Denne gongen er det to danske improvisatørar vi har gleda av å høyre. Oslo-baserte Signe Krunderup Emmeluth har tidlegare vore å høyre både med sitt eiga Spacemusic Ensemble og som ein del av Andreas Røysum Ensemble her på Motvind Records. Kresten Osgood representerar jazz-metropolen Kjøbenhavn og behøver ikkje noko nærmare introduksjon.

Skiva som no er trykka opp består av opptak frå ein konsert dei to heldt i Koncertkirken på Blågårds Plads i København sumaren 2020. Vi fer tre nummer, kor det fyrste framhevar tettvevd, rytmisk samspel mellom saksofon og trommer. Musikarane kanaliserar ulike tradisjonar frå jazzhistoria. På spor nummer to kan ein etter ei stund høyre Osgood løpe bort til pianoet for ein lengre sekvens der trommeslagaren grip mogelegheita til å syne fleire av sine harmoniske idear. Dette avsluttast med ei mollstemt og heseblesande kaskade som vekkjer kjensler ikkje ulike dei medisinmusikarane i Joujouka er kjende for å få fram. Det tredje og avsluttande kuttet på skiva veks frå ein roleg meditasjon til eit kvakkande parti kor Emmeluth nok ein gong syner påståelegheit og overskot i spelet sitt.

Med ein briljant saksofonist og ein oppfinnsam trommeslagar er dette i det heile ei plate som ein kan digge!

Tracklist: 

1. Tårnet Med Vand
2. Tornebusken
3. Busken Med Torne