Ei aning grønt Karl Seglem

EI ANING GRØNT (a sense of green)

CD
€10.94
CD signed
Sold out
File under: 
Jazz  ›  Traditional/Folk

Label: 

CD: 

EAN: 

7042986161415

Catalog number: 

NYENOR6141

Release date: 

28.04.2023

CD signed: 

EAN: 

7042986161415

Catalog number: 

NYENOR6141SIGN

Release date: 

28.04.2023

Info: 

Dette albumet er ei samling komposisjonar for tenorsax innspelt med

ulike musikarar eg har vore så heldig å få spela med over både lange og

korte periodar. Det er ikkje eit "best of" album, men peikar heller

framover i nye retningar. Sjølv om låtar som "Rit Again" peikar langt

tilbake er tidsramma for innspeling perioden 2017-2022. Eg tenkjer tida

er moden - også i lys av pandemien der den einaste muligheiten for å

arbeida, var gjennom øving og innspeling heller enn konsertar. Så har eg

også reindyrka uttrykket ved å velga vekk bukkehornet på denne

utgjevinga og fokuserer på mitt hovudinstrument tenorsax. Mitt

hovudfokus som saxofonist har i alle år vore klang, pust. Musikk tek

tid. EIn må ha tolmod. Å pusta gjennom dette metallrøyret gjennom så

mange år har gjeve meg ein signatur. Eg får ofte spørsmålet: "Er det

jazz" Eg svarar ofte: "Eg veit ikkje. Det er KarlSeglemMusikk og eg kan

improvisere".

Mine inspirasjonaer er mange og varierte. Natur, menneske, dyr, kunst,

mat, byar, vin, for å nemna nokre få. Og størst av alt er å stå på ei

scene og spela konsert saman med musikarar som også elskar det dei gjer.

Levande musikk er og blir den sterkaste og også mest helande kraft for

livet, for meg. Der og då er eg heil.

Men min pust, min musikk kan ikkje hela kloden. Den siste poesisamlinga

mi "Djup redsle. Djup ro" har ei gjennomgåande raudlinje der

klimaendringar, tap av natur, i lys av oss rike menneske sine herjingar,

står sentralt. Det kjennes viktigare og viktigare at vi snakkar saman,

skriv, spelar, komponerer og snarast endrar våre måtar å leva på. Vi må

tenkja annsleis, nytt. Og det hastar. For våre born og for vår uendeleg

vakre mangfaldige jord og alle levande vesen. Eg er heldig som kan

skape. På min måte. Eg kjenner meg priviligert. Rik på så mange måtar.

EI ANING GRØNT er eit instrumentalt album og den siste komposisjonen

Jordtjuv, peikar vidare. I løpet av våren 2023 gjer eg ferdig det

mangeslungne konseptalbumet Mytevegar (myth-path-hope). Her inkluderer

eg poesien min, bukkehorna mine og tek utgangspunkt, drodlar , leikar

rundt myten om Balders død. Slik sett kan vi kanskje karakterisere mitt

album nummer 41 som ein forrett? Takk for at du lyttar på musikken min.

Details: 

Karl Seglem, tenorsax

Andreas Ulvo, piano, synth

Håkon Høgemo, hardanger fiddle

Erlend Viken, hardanger fiddle

Kenneth Lien, mouth harp, Norwegian droned zither

Ketil Thorbjørnsen, guitars

Reidar Skår, electronics

Hallvard Gaardløs, bass

Odd Einar Nordheim, vocals

Svein Schultz, bass

Kåre Opheim, drums

Sigurd Hole, bass

Jonas Howden Sjøvaag, drums

Tracklist: 

1. Ei aning grønt
2. Volve
3. Vinden og eg
4. Skuggen
5. Travaren
6. Hardingfelefabel
7. Rit Again
8. Dagdikt
9. Jordtjuv